HjemMeningerRettstryggleik for barn og foreldre – eit «skjervheimsk» perspektiv

Rettstryggleik for barn og foreldre – eit «skjervheimsk» perspektiv

Debattinnlegg formidler ikke Mannsforums eller nettavisens offisielle syn, men representerer i sin helhet skribentenes personlige meninger.

Av Eivind Meland, allmennlege og professor emeritus ved Universitetet i Bergen.

Eivind Meland.

I essayet «Det instrumentelle mistaket» skriv filosofen Hans Skjervheim (1926-1999) om kva vi risikerer om me handterer relasjonelle fenomen som fakta. Han hevder at der instrumentalitet kjem inn hovuddøra går moralen ut bakdøra. Med moralen følgjer og menneskeverdet og menneskerettane.

Menneskerettsdomstolen (EMD) har nyleg fleire gonger dømd Noreg for brot på artikkel 8 i menneskerettskonvensjonen om retten til familie- og privatliv. Norske styremakter hevdar at domstolen ikkje tek tilstrekkeleg omsyn til «barnets beste». Domstolen i Strasbourg forsøker å overtyde norsk barnevern og rettsinstansar om at det beste for barnet inneheld retten til biologisk familie, og at dette omsynet må vegast i forhold til om barnet lid overlast saman med eigen familie i kvart einskild tilfelle.

Eit kategorisk faktasyn står mot eit relasjonelt og kontekstuelt syn. Utan at vi treng ta stilling til kven som har rett, må vi erkjenne at den viktigaste kompetansen til domstolane er å ta stilling til fakta i saker det står strid om. Underteksten i dette essayet er at det er mest turvande i straffesaker stilt andsynes brotsverk, men at det er vanskeleg i saker som handlar om relasjonar. Det siste gjeld saker etter Barnevernslova og etter Familie- og barnelova.

Sakkunnige mot uvisse

Rettspraksisen i Noreg erkjenner at relasjonelle saker er vanskelege, men vi har i stor grad vald å bøte på uvissa med å legge stor vekt på sakkunnige. Erklæringar frå sakkunnige har stor innverknad på dommarane og på domsslutningane i saker etter barne- og barnevernslovene. Kvaliteten på slike erklæringar er i det siste tiåret trekt i tvil, og ein har prøvd å råde bot på dette gjennom ulike tiltak. For det første har dommarforeininga, riksadvokaten og andre utgjeve «Retningsliner for sakkunnigarbeid for domstolane». Retningslinene inneheld klåre pålegg om å skilje mellom observasjonar og eigne fortolkingar og å gjere greie for premissa og uvissa knyt til konklusjonane.

For det andre har styremaktene heimla ein Barnesakkunnig kommisjon i Barnevernslova som skal kvalitetssikra alle sakkunnigerklæringar. Trass i at kommisjonen har vore i funksjon i ti år og retningslinene frå riksadvokaten i seks år er tvilen på om rettstryggleiken er sikra veksande. Noregs forskningsråd har nyleg løyvd fleire millionar til eit forskingsprosjekt kor sakkunnigerklæringar er empiri i forskinga.

Grethe Nordhelle er både jurist og psykolog. Ho har ytra seg i fagpressa lenge med otte for at dommarar lit for sterkt på dårlege sakkunnige som ikkje makter å sjå saker frå fleire perspektiv og ikkje gjer reide for uvisse knyt til observasjonar og konklusjonar. I den siste artikkelen hennar i Tidsskrift for familierett og barnevernsrett dokumenterer ho korleis sakkunnige lett lar seg utnytte av dyktige manipulatorar til å ta einsidig parti for den eine part i konfliktar. Hennar remedie er at sakkunnige ikkje skal kome med konklusjonar i erklæringane sine, men overlate det til dommarane. Eit meir grunnleggjande spørsmål er om konfliktar om omsorg og bustad høyrer heime i rettspleia i det heile teke.

ICSP og EMD

Internasjonalt er det usemje og ulike rettstradisjonar. Eg har delteke på dei siste konferansane til International Council of Shared Parenting (ICSP) som først og fremst retter fokus på familielovene, men kor og einskilde domarar frå Den europeiske menneskerettskommisjonen held innlegg og drøfter utfordringar frå ein barnevernsrettsleg synsstad. Eitt av dei vanskelegaste problema domstolane internasjonalt strir med er dei tilfella der barn utviklar eit fiendebilete av ein forelder det ikkje bur fast med. I nokre tilfelle handlar det om å ta avstand frå vald og sviktande omsorg. I andre om at bustad-forelderen eller fosterforeldra utøver emosjonell kontroll og lojalitetspress overfor barnet, ein mental gisselsituasjon som er skadeleg for den psykiske og sosiale helsa til barnet. Dobbelt vanskeleg vert det når lovgjevarane i stadig fleire land i Europa tek inn i lovverket at barna si røyst skal høyrast med aukande alder og spesielt der barnet har passert tolv. Barn er rettssubjekt. Dilemmaet er i kor høg grad vi skal ta omsyn til barn som er manipulerte, er under lojalitetspress og er framandgjorde overfor ein eller begge foreldre?

I ei sak frå EMD frå oktober i fjor (Pisicá mot Moldavia) slår domstolen fast at myndigheitene har plikt til å sørgje for at barn får ha kontakt med begge foreldre, også der dei set seg mot å vitje den eine. Domstolen karakteriserer fenomenet der den eine (i dette høve ein far) monopoliserer omsorga for psykologisk framandgjering og mishandling. I Noreg har rettsorgana og dei sakkunnige i liten grad tatt inn over seg at framandgjerande emosjonell kontroll er eit reelt fenomen med stor skadeverknad på born. I eit informasjonsskriv frå Barne- og likestillingsdepartementet frå 2008 vert dommarar, advokatar og sakkunnige åtvara mot å ha tillit til ein rettspart som viser til framandgjering. Det kan gjere det vanskeleg å avsløre vald og misbruk ifølgje departementet.

Den kritiske lesaren spør seg om departementet meiner at vi bør lukke auga for ei type mishandling for ikkje å oversjå andre ugjerningar mot barn?

I seks av åtte saker er Noreg nå dømd av EMD for brot på barns rettar etter artikkel 8 i menneskerettskonvensjonen. Det er ikkje berre barnevernstenestene som får kritikk, men og rettsorgana heilt opp til Høgsterett. Departementet, barneministeren og regjeringsadvokaten går til motåtak, og slik står saka i dag.

BV-rapport frå Bergen

Nyleg offentleggjorde Bergen kommune ein barnevernsrapport. «Fjell-utvalet» har undersøkt ti saker frå barnevernstenesta i Bergen, og rapporten avslører at tenesta står i vanskelege dilemma kor manglande tiltak skader barn. Men og tiltak med tvang, som manglar sakleg grunngjeving og forvaltningsrettsleg forankring, er til skade både for barn og foreldre. Utvalet har stor tru på at styrking av dei formal-juridiske og forvaltningstenestelege prosedyrane kan betre tenesta. Kan dei det eller står vi overfor eit «skjervheimsk» instrumentelt mistak?

Eg skal ikkje svare på spørsmålet på annan måte enn å vise til at rettspleia og barnevernstenesta sjølv nå utviklar praksis og metodar som tek omsyn til at vi har å gjere med mellom-menneskelege konfliktar og relasjonelle utfordringar. «Samtaleprosess» i fylkesnemndene er prøvd ut i fleire nemnder og erfaringane er gode. Slike samtalar kan førebu eller komme i staden for hovudforhandlingar i nemndene, og målsettinga er å komme til einigheit gjennom å nytte ressursane som familiane sjølv har til det beste for barna. Liknande prosessar er på veg inn i fleire barnevernstenester med BUFDIR som pådrivar. Her vert det kalla «familieråd» og målsettinga er den same som for samtaleprosess i fylkesnemndene.

Medierings-juss

Vi står i ei brytingstid der (over)tru på ekspertar og sakkunnige er i ferd med å avløysast av større tiltru til at ein gjennom ei myndiggjerande dialog kan utløyse ressursar i familie og sosiale nettverk. Slikt skjer ikkje berre i Noreg, men er ein del av ei internasjonal rørsle. I jussen kallar ein det for medierings- eller konfliktløysings-juss. Ved det juridiske fakultetet i København er det eit eige masterprogram for dette.

I familie- og barnelovgivinga er det ei veksande erkjenning av at lovgjevinga treng eit paradigmeskiftet. Philip Marcus, ein framståande israelsk barnerettsjurist, hevdar at eit rettssystem som er tufta på å ivareta partsinteressene etter skilsmisse, er eit system som i seg sjølv truer menneskerettane og barnas beste. Han held fram at barn høyrer til hos begge foreldra også etter skilsmisse, og at det er eit uttrykk for sviktande omsorg viss barn skal måtte velje kven av foreldra som det vil ha (hovud)bustad hos. Familielovene må ha som utgangspunkt at foreldra må bli samde om å syte for barnas beste i eit gjensidig samarbeid, hevdar han. Det dreier seg ikkje om å dele matematisk likt, men om å respektere begge foreldra som likeverdige når dei skal planleggje gjensidig omsorg for barna. I nær framtid skal vi vedta ei ny familie- og barnelov i Noreg. Kan vi håpe at lova vil gjenspegle noko av det paradigmeskiftet som Marcus etterlyser?

Skjervheims dialogfilosofi

I essayet «Deltakar og tilskodar» åtvarar Skjervheim mot å gjere den andre til objekt. Kategoriar som «den mest omsorgskompetente», «hovudomsorgsperson» og «samværsforelder» er døme på kategorimistak fordi vi snakkar om tolkande medmenneske. Skjervheim meinte at vi måtte etablere eit «eg-du-forhold» der vi begge er subjekt og deltakarar.

Men han var og oppteken av ikkje å gjere «eg-du-forholdet» til det einaste gyldige i mellom-menneskelege forhold. Viss forholdet mellom eg og du er det einaste gyldige, vil det forvitre under tyngda av intimitet og sentimentalitet. Vi må ha eit saksforhold som vi kan drøfte, og som gjev oss ein horisont å interessere oss for saman. I og med at vi er fleire subjekt som har ulike perspektiv på saksforholdet, kan vi heller ikkje gjere det til eit objekt og ein kategori. «Barnets beste» er ikkje ein kategori norske styremakter kan referere til som eit udiskutabelt objekt. Det er eit saksforhold som må skapast i respektfulle dialogar mellom subjekt.

EMD-dommarane kjenner sikkert ikkje til Hans Skjervheim og dialogfilosofien hans. Når dei ber norske myndigheiter og rettsinstansar om å forstå «barnets beste» som eit relasjonelt og kontekstuelt omgrep, peiker dei på noko av kjernen i dialogforståinga hans. Tør vi håpe på at moralen, menneskeverdet og menneskerettane kjem inn att – denne gongen gjennom hovuddøra?

Laksevåg, 31. 12. 2020 – Eivind Meland.