HjemFremhevede posterForan eit vegskilje

Foran eit vegskilje

Foto: Shutterstock

Eivind Meland, professor emeritus, Universitetet I Bergen

I fem av sju saker er Noreg nå dømd av EMD for brot på barns rettar til familie- og privatliv etter artikkel 8 i menneskerettskonvensjonen. Den 27.3. falt tre dommar i Høgsterett som set standard for korleis vi skal forstå og praktisere den norske barnevernslova. Høgsterett meiner at norsk lov ikkje bryt med korleis EMD oppfattar at retten til familie og privatliv skal sikrast. Det er tolkinga og praktiseringa av norsk lov som har svikta ifølgje Høgsterett. Her må Stortinget og BUFDIR ta hovudansvaret for ei systematisk undervurdering av barns rett til kontakt og omsorg frå eigen biologiske familie. 

Det er først og fremst plikta til å arbeide målmedvete for å gjenetablere kontakt med biologisk familie Høgsterett understrekar. Dessutan understrekar dei at barnevernsmyndigheiter og rettsorgana har plikt til å revurdere omsorgsevna med jamne mellomrom slik at myndigheitsinngrep skal være oppdaterte, relevante og velfunderte. I ei av sakene meiner dei at samværsretten er for restriktivt praktisert og utvidar denne. Dei stadfester EMDs pålegg om at samværsretten skal ha foreining mellom barn og biologiske foreldre som målsetting.

Det er heilt klårt at dei føringar EMD og Høgsterett nå har kome med må få følgjer og for korleis vi skal revidere og praktisere familie- og barnelova. Vi står ved eit vegskilje der omsynet til biologisk familie og retten barn har til å få støtte og nyte godt av heile sin familiekapital og etter skilsmisse må bli førande. Barnelova må jamstille foreldra slik at barn ikkje vert innsatsmiddel i ei kamp mellom foreldre om kven som skal ha hovudomsorga. Slik lova er i dag stimulerer ho til kamp mellom foreldra i ein situasjon der barna meir enn nokon gong treng omsorg frå begge.

EMD har også domfelt Moldavia for at myndigheitene ikkje sørga for å sikre barn kontakt med begge foreldre etter ei skilsmisse som var destruktiv. I denne saka frå oktober i fjor (Pisicá mot Moldavia) slår domstolen fast at myndigheitene har plikt til å sørgje for at barn får ha kontakt med begge foreldre, også der dei set seg mot å vitje den eine. Domstolen karakteriserer fenomenet der den eine (i dette høve ein far) monopoliserer omsorga for psykologisk framandgjering og mishandling. I Noreg har rettsorgana og dei sakkunnige i liten grad tatt inn over seg at framandgjerande emosjonell kontroll er eit reelt fenomen med stor skadeverknad på born. I eit informasjonsskriv frå Barne og likestillingsdepartementet frå 2008 vert dommarar, advokatar og sakkunnige åtvara mot å ha tillit til ein rettspart som viser til framandgjering. Det kan gjere det vanskeleg å avsløre vald og misbruk ifølgje departementet. Meiner departementet at vi bør lukke auga for ei type mishandling for ikkje å oversjå andre ugjerningar mot barn?

Det kan være vanskeleg når stadig fleire land har teke inn i lovverket at barna si røyst skal høyrast med aukande alder, og spesielt der barnet har passert tolv. Barn er blitt rettssubjekt. Dilemmaet er i kor høg grad vi skal ta omsyn til barn som er manipulerte, er under lojalitetspress og er framandgjorde overfor ein eller begge foreldre? Det er viktig at vi skil mellom barns interesser på sikt og deira mest nærsynte ønsker. 

Philip Marcus, ein framståande israelsk barnerettsjurist, hevdar at eit rettssystem som er tufta på å ivareta partsinteressene etter skilsmisse, er eit system som i seg sjølv truer menneskerettane og barnas beste. Han held fram at barn høyrer til hos begge foreldra også etter skilsmisse, og at det er eit uttrykk for sviktande omsorg viss barn skal måtte velje kven av foreldra som det vil ha (hovud)bustad hos. Familielovene må ha som utgangspunkt at foreldra må bli samde om å syte for barnas beste i eit gjensidig samarbeid, hevdar han. Det dreier seg ikkje om å dele matematisk likt, men om å respektere begge foreldra som likeverdige når dei skal planleggje gjensidig omsorg for barna. I nær framtid skal vi vedta ei ny familie- og barnelov i Noreg. Kan vi håpe at lova vil gjenspegle noko av det paradigmeskiftet som Marcus etterlyser?